header

Tassen

tassen

Namn: Angel Pollentia's Almost Idefix, Tassen
Mor: Patshabel's Rose Angel
Far: N DK Uch Patshabel's Ole Balder
Kennel: Kennel Angel Pollentia
Rase: Irish Softcoated Wheaten Terrier
HD: A (fri)
Pels: Amerikansk
Født: 22.09.05
Fôr: Royal Canin Sensible + div. anna
Yndlingsleike: Eit skinnbein han fekk til jul

Etter et år eller to med innbitt raseleiting, fann vi Wheaten Terrieren. Sjølvsagt måtte vi ha en sånn mjuk, deilig og livlig hund! Vi fann rasen ved å leite på Canis. Vi las mykje der inne. Moglegheitane var begrensa, sidan vi gjerne ville ha ein allergivenleg hund. Eg hugsar enda den første gongen vi såg Wheaten Terrieren på nettet. For å vere heilt ærleg syns eg ikkje mykje om han i starten. Det var mamma som kom over den på Canis. Etter å ha sett fleire bilete og lest litt var ikkje Wheaten Terrieren så værst likevel.
Og her sit eg med ein, og kunne ikkje tenkt meg vakrare hund!

Tassen vart født 22.09.05, hos oppdretteren, eit lite stykke utanfor Bergen. Kennelen var Angel Pollentia, mor var Patshabel's Rose Angel og far var Patshabel's Ole Balder. Vi vart jo sjarmert i senk av mor Angel då vi var og besøkte dei når kvalpane berre var nokre få veker gamle, og etter det møtet var det jo klart at vi skulle ha Wheaten!

Han var i A-kullet, som besto av åtte kvalpar.

tassen

Mange telefonsamtaler etter, var vesle Tassen vår. Han kom til oss når han var ni veker gammal, og var jo sjølvsagt verdens søtaste lille tass, der han sov så trygt bak sofaen. Han har prestert å sjarmere heile bygda og enda nokre til i ein alder av to år.

Vi har prøvd oss på agility, og det syns vi er veldig moro. Klikker blir også brukt, og han kan no ein del triks, som rulle, sitte bamse, krype og snurre, og så vanlige kvardagsøvelsar som sitt, ligg og på plass. Han kjem til oss når vi roper "kom" så lenge vi har godbitar eller anna spennande, men det øvast på!

Tassen er ein nokså roleg fyr, og sånn har han alltid vore. Han er snill og grei, men kan vere litt skeptisk til menn han ikkje kjenner.

Tassen er først og fremst godgutten min, og kjem alltid til å vere det. Han finn ikkje på mykje fant, bortsett frå å jage litt på nabokattane. Han har (nesten) aldri tygd på noko "ulovleg" bortsett frå fjuskepelsstøvlettane til mamma. Han hadde sikkert vore ganske flink i lydigheit hadde det ikkje vore for at han er så utruleg interessert i andre hundar!

Det krev litt av meg som skal trene han. Det er vanskeleg å vere like morsom som andre hundar til ei kvar tid. Dette er litt lettare på agilitybana. Han liker nemleg godt å hoppe og gjer det gjerne. Helst for ein pølsebit!

Tassen har vore på to agilitykurs, eit kvalpe-/grunnkurs og eit Ukeskurs Grunnkurs.