Namn: Hilde Maråk
Kjønn: Jente
Født: 29. april 1994
Yndlingsbøker:Harry Potter, Den Mørke Materie, Haikerens Guide til Galaksen og mange fleire
Hårfarge: Mørk, mørk blond
Augefarge: Blanda
Hovudinteresser: Webdesign, hund, lesing, foto
Når eg blir stor: Webrealtert, hunderelatert, fotorelatert, arkitekt, ingenør, grafisk designer eller noko heilt anna.
Bustad: Geiranger
Skule: 10. klasse, Geiranger Skule
Eg har alltid vore glad i dyr, men kan desverre vere allergisk mot enkelte, særlig katt og litt hest. Derfor var det frå starten av bestemt at vi skulle ha ein allergivennleg rase. Sansen min for dyr starta nok med flaskelambet "Petrus" og Border Collien Siri som eg vart så glad i.
Hund har likevel alltid vore ein favoritt, og gleda var stor då det for snart tre år sidan vart klart at det skulle bli hund på oss! Eg les mykje på nettet om hund, og forhåpentlegvis klarer eg å setje det ut i livet også.
Vi fekk Tassen i November 2005. Då var eg elleve år og kunne slett ikkje mykje om hund. Men eg las - og les, det eg kjem over, og det forbetrar seg etter kvart. Har foreløpig gått to agilitykurs, eit kvalpe-/grunnkurs og eit Ukeskurs Grunnkurs med Tassen.
Noko eg synest er kjekt med hund er språk. Eg tykkjer det er utruleg fascinerande å studere hundar som omgåast kvarandre. Etter grunnkurset med Lundqvist Hundeskole, der me fekk ei innføring i hundespråk, klarar eg å oppfatte mykje meir av hundespråket rundt meg, noko som gjer hundehaldet både kjekkare og lettare!
Eg drøymer om ein gong å få ein heilt eigen hund. Drøymerasen har eg ikkje funne enda, men les litt rundt. Så kanskje ein gong i framtida? Aussie, Belger, CC, BC, Toller, Puddel o.s.v. Moglegheitene er mange! Men den må helst vere allergivennleg.
Ein hobby er fotografering, og du kan ofte sjå meg gå rundt i bygda og knipse på alt og ingenting.
Du kan sjå nokre av bilda eg tek i fotogalleriet. Kameraet mitt Olympus E-520, som eg kjøpte for sommarlønna mi
, er med stort sett over alt. Eg er ikkje så veldig
flink enda, men det forbetrar seg.
Liker godt å pusle med heimesider, sjølv om html-kunnskapane er heller dårlege. Prøver å oppdatere av og til med bilder og blogginnlegg. Eg bruker mykje tid på webdesign. Sjølv om eg kanskje ikkje er så flink enda, så forbetrar det seg etter kvart. Eg lagar gjerne heimesider til andre for ein fin pris. Syns det er veldig kjekt, serleg no når eg byrjar å få taket på det. Då går alt så mykje enklare! Syns også det er kjekt å skrive, så prøver å få mykje innhald og informasjon.
Eg liker også godt musikk, og speler både elpiano og litt gitar. Har opptrått med bassgitar på ein skulekonsert ein gong,
og også trommer. Liker det meste! Eg syng også i to kor.
Det aller beste med musikken er likevel å høyre på den, og det går for det meste i The White Stripes og The Raconteurs. Er stor
fan av Jack White, som er med i begge dei gruppene. Han er genial!
På elpiano spelar eg både pop og klassisk, og på gitar speler eg det som fell meg inn.
Våren 2009 konfirmerte eg meg humanistisk.
Alt i alt er eg ei (forhåpentlegvis) grei jente, sjølv om eg kan vere litt sær til tider. Litt lei skule og Geiranger elles, men klarer meg. Har kjempegode vener som eg er veldig glad i.
Eg vil gerne studere til å bli fotograf, arkitekt,, webutvikler/designer, grafisk designer eller noko heilt anna. Gjerne noko kreativt!